Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen

Første skodespelarmøte og leseprøve

Runa Bergem, Sol Alme Brendefur og Martine Espe under leseprøven. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd

Første aprilhelga møttest Søstrene Mel og Sjøormen skodespelarane for første leseprøve saman. I spelet er det med ei god blanding av både amatørar og kjende skodespelarar og artistar som (for å nemne nokre) Beate Lech, Josefine Agathe Hove, Anna Brochmann, Raymond Corrado Knutsen, Atle Oen, og ikkje minst lokale skodespelarheltar som Eirik Risholm Velle saman med sin kjærast Maja Skogstad.

Eirik Risholm Velle og Maja Skogstad. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd

«Førstegongsskodepelarar» får også moglegheit til å prøve seg på scena. Blant anna Rebekka Ulstein som aldri har prøvd seg på noko sånt før, men såg på dette som ei ny utfordring ho berre måtte gripe.

«Eg blei tipsa om ein audition av ein ven, og kjende det nærmast som eit kall; dette skal eg vere med på! No kan eg fryde meg over å vere ein del av prosjektet,» seier Ulstein.

Runa Bergem er også ein del av skodespelargjengen. Ho gjekk musikklinja ved Volda VGS, tok bachelor i Performing Arts i Brighton, England, og har vore med på ei rekke framsyningar ved Opera Nordfjord.

«Det er veldig artig å få vere med på dette spelet, og det er eit kjempefint tilbod for lokale skodespelarar både amatørar og profesjonelle,» seier Bergem.

Runa Bergem og Rebekka Ulstein. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd

Denne helga vart det pizza, kaffi og prat for å verte litt betre kjend med kvarandre. God stemning og latter gjennom timar med øving og ein organisk prosess der karakterane får utfolde seg og utvikle seg opp mot den store ur-framsyninga.

«Det var kjempekjekt å få møte alle skodespelarane og sette fjes på alle rollene. Det var gøy å få høyre heile stykke høgt og få meir «personlegdom» i rollene. Eg gler meg veldig til å fortsette med øvingane og sjå spelet kome til liv!,» seier Bergem.

«I dag har alle skodespelarane samla seg rundt eit bord og gjort ei leseprøve, som vil seie å gjere ei høgtlesing av manus frå start til slutt. Og eg må seie, for ein fin gjeng vi er! Vi har fått helse på kvarandre, og fått eit andlet på rollene vi har lest om i manuset,» seier Ulstein.