Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen

Storfint besøk av hovudsponsor Sparebanken Møre

Det kunne ikkje ha vorte våtare på utescena når vår hovudsponsor Sparebanken Møre kom på besøk på måndag, men gleden og spenninga før spelet tok sjakk matt på alt det sure som kom ned.

Vi er veldig takksame for den støtta vi har fått og som gjer det mogleg for at so mange talentfulle artistar og skodespelarar får denne opplevinga. Ikkje nok med det, men at kulturlivet verte støtta i denne regionen då eit av måla for prosjektet er å løfte dette opp på tvers av kommunar, talent, og mennesker frå alle bakgrunnar.

Dette er første året spelet verte presentert for eit publikum og vi gler oss kjempe mykje til å ta alle imot på urpremiera 7.september, og ha framsyning også 8. september, 9. september og 10. september.