Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen

Hovudsponsor Sparebanken Møre

Søstrene Mel gjengen med Mette Ryste (framme i blått) og Hege Hamre (framme i oransje) frå Sparebanken Møre som hovudsponsor av spelet. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd

Etter leseprøven søndag kveld kom Mette Ryste og Hege Hamre frå Sparebanken Møre på besøk. Sparebanken Møre er hovudsponsor for spelet.

Ein av grunnane til å støtte spelet er kor godt gjennomtenkt søknaden var, seier Ryste og Hamre, og fordi spelet tek for seg aktuelle og viktige problemstillingar i det samfunnet vi lev i, i dag.

"Det er veldig kjekt å få vere med å støtte dette spelet, for det er so mange dyktige folk med som vi veit kjem til å gjere ein kjempegod jobb," seier Ryste.

Dette er eit stort spel og det er mykje som skal klaffe for å klare å gjennomføre det heile. Difor ynskte Sparebanken Møre også å støtte spelet tre år fram i tid.

"Å realisere eit sånt spel er ufatteleg krevjande! Difor vil vi også vere med å tenkje litt meir langsiktig, fordi det er noko vi har lyst til å kunne gjenta fleire gongar. Eg trur dette verte ei heilt fantastisk oppleving! Spelet hyllar ei mytisk historie med humor og musikk. Dette verte sett opp i september, og om vi er litt heldige med vêret, så verte det jo heilt nydeleg her attmed Hornindalsvatnet og fjella rundt. Dette må berre bli eit reisemål for folk for å sjå kva perle dette faktisk er," seier Ryste.