Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen

Praktisk informasjon

Transport

Det blir mogleheit for å få skyss med minibuss til og frå forestillinga kvar dag, mellom Volda Rutebilstasjon og Groparken (utan stopp).

Prisar: 150 kr. per person ein veg og 100 kr. til fylt 16 år.

Det er maksimum plass til 23 stk. ein veg, og må vere minimum 15 påmelde for at bussen kan gå.

For å melde på må du sende SMS til 90523699, med følgjande info: Namn, dato, Volda-Honndalen, Honndalen-Volda, eller begge (tur/retur). Dette må skje innan kl. 16.00 same dag som forestillinga du vil på. Påmeldinga verte bekrefta når du får SMS tilbake, merka “mottatt”.

Overnatting

På Hotel Raftevold kan du få rabatterte prisar på overnatting viss du samstundes kjøper billettar til spelet! Ta kontakt med hotellet for meir informasjon. Dei som ynskjer å booke hotellrom til rabattert pris kan sende ein epost til: booking.raftevold@havila.no og oppgi referanse «Sjoormen23».

Kiosk

Foreininga Grobygget skal ha open kiosk på alle speldagar i Grobygget med snacks og drikke.

Parkering

På biletet vises eit kart over parkeringsmoglegheiter. Vi vil tilrettelegge spelplassen for rullestolbrukarar, og desse får også moglegheit til å parkere nærast spelplassen i svingen inn mot Grobygget (sjå rullestol iconet og den grå plassen inn i firkanten) ved framvising av handikapoblat.

Kart over parkeringsmoglegheiter. Kjelde: kommunekart.com/Norkart AS.